Det kan sjå ut som vi ikkje he snudd dagane heilt her borte endå, for vi legge oss tidli, å våkna tidli. Idag hadde det nok blitt tidli uansett, med tanke på at Hødd skal spele på tv2 klokka 09:00 lokal tid. Marte gjorde også eit forsøk på å kome sej opp til Handballkampen inatt, men våkna rett etter kampen va ferdi. Såg ut som knusesiffer uansett, so den va kanskje ikkje so spennande ?!
Igår brukte vi dagen til å besøke gateway arch, Dead Soliders Museum, union station, busch stadium, macy's(kjøpesenter) og Lumiere Casino. Temperaturen va høg i heile går, til tross for at meldingane va relativt dårlige. Vi hadde sol å 86 fahrenheit(30 celcius), å holdt på å renne vekk. Heldivis når du kjeme inn på kjøpesenter, museum o.l. so ligge temperaturen på 20 grade uansett, å det gjer svææært godt. Når vi gjekk heim frå casino igår hadde temperaturen kun gått ned til 84 fahrenheit, å då gjer det godt me AirCondition på hotellromme.
Marte skreiv vell igår at vi kanskje skulle på Baseball-kamp for å sjå St. Louis Cardinals mot Atlanta Braves, men det blei aldri noke av. Angra ikkje på det i ettertid ihvertfall, for kampen som starta 19:15 lokal tid, hadde berre komt sej til 4th inning(nesten halveis) klokka 22:00, og då låg dei under 6-0 i tillegg.
Middag blei forøvrig konsumert på TGI Fridays. Begge hadde burgera, å det kan være verdt å notere sej for spesielt intresserte, at ej til no ikkje he hatt eit måltid i USA uten bacon.
Klokka 18:30 gjekk vi på casino og tok ut 100$ kvar med forventninga om å tape alt. Slik såg det også ut til å gå, men ej satte mej ned med blackjack bordet å "worked my magic", og dermed gjekk vi ut ifra casinoet ca klokka 23:00, med 0$ i tap, og eit par drinka og øl innabords.
Desverre hekje vi vore veldig flinke å ta bilde til no, men vi skal skjerpe oss noke alvorlig. Bilda nedenfor e tatt med mobilen min, å he derfor litt dårligare kvalitet. Casinoet skulle vi naturlivis hatt bilde frå, men desverre e det ikkje lov å ta bilde inne på casinoe. Vi skal riktinok sjå ka vi klare å lure oss til i Vegas.
Øverst e eit bilde av mej ikkje langt fra hotelle vårt, med gateway arch i bakgrunnen.
Bilde nr.2 e eit bilde tatt rett under gateway arch, som forøvrig e 192 meter høg, å blei bygt i 1947 ;)
Bilde 3. eit bilde av Marte på vei ned under jorda, der det va Cowboy å indianar museum å suvenier butikk.
Bilde 4. Marte i parken, med litt av bybildet i bakgrunnen.
Bilde5. Busch Stadium.





Idag reise vi for å hente bilen, å sette nasa mot:

Springfield, MO.
Om vi kjeme oss dit e litt usikkert, men vi satsa på at vi ikkje kjøre oss vill allereie første dagen. Bilen skal vi hente 16:00 idag, og det e litt spennande det også. Før den tid skal vi spasere litt rundt i byen, kjøpe kjøleskapsmagnet fra st. louis å spise litt mat. Hadde det vore opp til mej hadde det kanskje vorte en tur på casino, men det e vell kanskje like greit at vi reise fra St. Louis uten å ha lagt igjen penga på casinoe :) .
Goodbye St. Louis, hello The Simpsons!
1 kommentar:
hei! Så moro å lese hvordan dere har det,dere er veldig flinke å skrive!!
Pappa Bjørn er på guttetur på Jomfruland i helga, men gjett om han gleder seg til å lese når han kommer hjem!
Klem fra Bente
Legg inn en kommentar